Firma R. Sunde, Nordfjordeid
I hundre år har handelsfamilien Sunde sett sitt preg på handelen i Eid. Frå den driftige grunderen Rasmus Sunde starta opp i leigde lokaler i 1917, til no i 2017 med fleire godt innarbeidde butikkar drivne av tredje generasjon etterkomarar av Rasmus og Dagny. I starten var det hovudsakleg herrekle og skotøy Rasmus kunne by på i forretninga si, men allereie i 1918 dukka det opp til dømes fotografisk utstyr i hyllene. Dette var truleg på grunn av ei ung fotointeressert eidajente som hadde byrja å jobbe i forretninga. Denne jenta heitte Dagny Os, seinare betre kjent som Dagny Sunde, eller berre fru Sunde. Sortimentet vaks stadig og med det kom trongen for meir plass. I 1924 flytta både forretninga og den vesle familien, som no også talde to små søner, over gata i eige nybygg. Her bygde dei vidare på sitt livsverk, som etter kvart omfatta fleire påbygg og nybygg. Og ikkje minst kom det til enda to søner. Du finn meir om historia og utviklinga til Firma R.Sunde gjennom 100 år her:
Det er på ingen måte kvardagskost å runde hundre år. Og det er slett ikkje sjølvsagt . Firma R.Sunde vart stifta 2. november 1917, så denne hausten blir det full rulle i alle fem butikkane med festdagar, jubileumsaktivitetar og tilbod. Vi startar festen 18. oktober, og held på i to heile veker fram til finale 2. november!
Konkurranse! Vinnarane er kåra.
Klikk på Aktuelt-knappen for å sjå svaret!
Frå venstre: Kjell Sunde (Sunde Møbler), Margrete Sunde (Skobutikken Sunde), Reidun Sunde (Lagerutsalget), Lisbet Sunde Eltvik (Lagerutsalget A/S) og Helge Sunde (Fargerike Sunde).
(Foto: Dagny Sunde d.y.)
Her er vi! Tredje generasjon Sunde som stolt fører tradisjonen etter våre besteforeldre og foreldre vidare. Fem ulike butikkar med ulikt innhald og ulike namn, men som alle er tufta på det gode grunnlaget som vart lagt av Dagny og Rasmus, og ikkje minst den enorme innsatsen til andre generasjonen, nemleg våre fantastiske fedre Karl, Ove og Finn.
Sunde Møbler er den største frittståande møbelbutikken i Sogn og Fjordane. Vi har det du treng av møblar og utstyr til hus og hytter. Som frittståande møbelbutikk kan vi sjølv tilpasse utvalet av møblar etter det vi ser folk etterspør. Vi har og eit godt utval i hagemøblar. Dyktige medarbeidarar med lang erfaring frå møbelbransjen hjelper deg gjerne med å finne det møbel som passar deg best. Vi leverar i heile distriktet. Velkomen til oss!
Eurosko, Skobutikken Sunde er ein sjølvstendig del av 100-årsjubilanten. Den blir no drive av Margrete Sunde som overtok hovudansvaret i 1990. Skobutikken er tilknytt Eurosko og er ein fullassortert skobutikk med sko i alle variantar til store og små; born, damer og herrer. Forutan fottøy har vi rikt utval av lommebøker, vesker, koffertar og realterte småvarer. Vi som jobbar her har lang fartstid i bransjen, og sit på ekspertisen som skal til for å finne den rette skoen til deg.
Lagerutsalget starta i lokaler i Leirongane i 1986, der vi heldt til i mange år. I 2002 flytta vi til eige nybygg midt i sentrum av Eid. Vi ønskjer å tilby kundane rimelege prisar, utan at det skal gå ut over kvaliteten. I tillegg til «vanlege» ordinære varer finn du soleis hos oss ein del partivarer, overskotslager og litt andresorteringar. Vi er ein frittståande butikk med særpreg, med fokus på kle og utstyrsvarer. Ein av våre spesialitetar er ULL i alle fargar og fasongar..
Lagerutsalget A/S er ein butikk som ligg midt i Måløy sentrum. Vi sel kle til barn, damer og herrer. 2.november 2017 feirar vi 30 år. Dette er vi veldig stolte av. Dei første åra etter oppstart i 1987 holdt vi til i leigde lokaler i Gate 2. Etter kvart kjøpte vi forretningsbygg i Gate 1, som vi seinare bygde på, og fekk dobbelt så store lokaler. Vi er ikkje tilknytt nokon kjede, så vi kan difor velge varesortimentet sjølv. Velkomen til ein hyggeleg handel.
Fargerike Sunde er ein komplett fargehandel tilslutta Fargerikekjeden. Butikken har 5 tilsette og i tillegg ei eiga handtverksavdeling. Vi fører eit bredt utval innan maling, tapet, solskjerming, lampar, tepper, golvbelegg, laminat, parkett og flis. Våre dyktige medarbeidarar står alltid parat til å rettleie deg med sin solide fagkunnskap.