Det er i år 100 år sidan den framsynte og driftige gründeren Rasmus Sunde frå Olden grunnla det som skulle bli hans livsverk. Med seg på reisa fekk han kona Dagny Karlsdotter Os, ei ekte eidajente. Født i Eidsgata, og oppvaksen på Sand, som eigedomen fortsatt heiter. Sand ligg sør for Almeningen, berre eit steinkast unna det som skulle bli hennar heim på «Sundehjørnet». Verdien av ei slik arbeidsam, flink og dedikert kone og kompanjong kan aldri overvurderast. Dagane deira var fylt av hardt arbeid, framgang, tronge tider, slit, suksess, optimisme, nedturar, glede og kjærleik. Kjærleik til arbeidet sitt, og til familien og folka rundt seg. Utan gjensidig respekt og lojalitet dei imellom, nøysemd, målretta arbeid og usvikeleg tru på sitt livsverk, hadde denne historia sett heilt annleis ut.
Vegen frå 1917 og fram til i dag har vore innhaldsrik og spanande. Dagny og Rasmus fekk fire staute gutar. Dei kom som perler på ei snor i 1923, 1924, 1927 og 1932. Andreas, Karl, Ove og Finn. På slutten av 40-åra kom tre av dei fire sønene til Dagny og Rasmus inn i butikkdrifta. Her vart dei verande, og hjalp til å bygge vidare på grunnsteinane foreldra hadde lagt ned. Firmaet ekspanderte stadig, og fleire underavdelingar dukka opp. Innsatsen til desse tre brørne har vore uvurderleg og heilt avgjerdande for at verksemda som foreldra deira grunnla i 1917 kunne vidareutvikle seg og markere seg som ein av grunnpillarane i handelslivet på Eid, og som brørne i sin tur kunne levere vidare til neste generasjon som eit ryddig, solid og velrennomert firma.
Ove Sunde skreiv ein artikkel om historia til firma R.Sunde i Sogeskrift for Eid 1997, i samband med 80-årsjubileet. Artikkelen finn du i sin heilheit under her. Ein del endringar har det sjølvsagt vore i løpet av dei siste tjue åra, så til slutt har vi lagt til nokre nye merknader og oppdateringar.
Ove Sunde skriv (1997):
Når eg er spurd om å skrive litt av soga til firma R. Sunde, føler eg det rett først å nemne noko om bakgrunnen til han som grunnla firmaet. Rasmus Sunde var fødd den 13. september 1891 i Olden av forelda Andreas Olsen Sunde og kona Oline Hansdatter Faleide, og var den yngste av 8 sysken, 4 jenter og 4 gutar. På ei gammal «kontrabog» i Indvigens Sparebank som han fekk i ungdomen, står hans fulle namn skrive med sirleg handskrift: Snedkersøn Rasmus Marius Andreassen Sunde.
Som vanleg var mellom småkårsfolk den gongen, måtte han som den yngste slite kle og sko som dei eldre syskena hadde vakse frå. Han fortalde at ei av dei største hendingane i barndomen var den jula han som 7-åring fekk nye sko, plyggasko, som ingen andre hadde brukt, men som berre var laga til han. Den julafta sovna han med skorne på.
I oppveksten fanst ikkje mange gjeremål som gav klingande mynt. Kjærkome var det når han ein sjeldan gong fekk nokre øre for å springe med telefonbod frå «sjøna» og opp til Oldenvatnet. Ikkje gamle karen vart han skyssgut for turistane og dreng i Bødalen. Han fekk i alle fall skrapa saman så mykje at han kunne reise på skule, til Fjordenes Amtsskole på Nordfjordeid. Det var ein god skule og eit mål (ofte uoppnåeleg) for mange ungdomar. I 1910 fekk han så stilling som betjent på Eids Handelsforening, og bortsett frå eit par avbrot, hos M. M. Nesje i Stryn og ei kort tid på Elverum, så var han her til 1917.
Det var i John Skaar si styrartid på Eids Handelsforening. Andre tilsette på same tid var m.a. seinare bankkasserar Anders Skipenes, Maja Fauske Lien og seinare kjøpmann Halfdan Faleide, så her gjekk han i ein god skule. Spranget ut i den store verda gjekk til Elverum. Han søkte og fekk stilling som styrar for Leiret Kooperative Handelsforening, men dei djupe, mørke skogar var ikkje det rette for ein vestlending. Han kom vel ut av det med folket på dei trakter, og tala alltid om dei som særs greie og rettskafne menneske. Men saknet etter fjord og fjell vart så sterkt at han reiste attende til Eid.
Den 2. november 1917 starta han så si eiga forretning i leigde lokale, og firma kan såleis i år høgtide 80-års-jubileum.
Det var i hovudsak klede og sko som utgjorde vareutvalet den fyrste tida. Det kan nemnast at han var den fyrste i Nordfjord som tok opp sal av ferdige klede. Vareutvalet baud også på fotografisk utstyr. Til jul og andre høgtider vart blomar tekne heim. Salsgartneri var det ikkje på staden den gongen. Musikkinstrument må og nemnast. Her kunne Rasmus med sin spelekunnskap gi gode råd om val av instrument.
I 1922 gifte han deg med Dagny f. Os, og ved felles innsats gjekk forretniga så godt at tankane om eige forretningsbygg tok form. Dei fekk kjøpt ein liten bit av Yrimarka, og etter teikningar av John Os, bror til Dagny, vart huset bygd. Eit arbeidslag av dugande handverkarar med Paul Løken, «Pål Løkja», som arbeidsformann, gjorde framifrå arbeid. Dei andre i laget bør og nemnast: Erik Løken, bror til Pål, Bertel Lothe, Rasmus Bolstad og Peder Bolstad. Sistnemnde var målarmeister.
Den 19. november 1924 kunne dei så flytte inn. Heile butikklokalet var den delen som i dag blir brukt til ungdomsavdeling (*1). Det var etter den tid å rekne ganske stort, og Pål Løkja, som hadde sine meiningar og som heller aldri var redd for å gje uttrykk for dei, sa det slik: «Eg forstår ikkje ka du ska med dinnje store butikkjen. Du kjem ikkje te å sjå igjen varene.»
Som «snedkersøn» fall det naturleg å fatte interesse også for handel med møblar. For å få plass til dette bygde dei «Møbelhuset». Det sto på den tomta der Faleidehuset seinare kom opp (i dag Fix-Fax og Serin Parfymeri) (*2). I 1935 måtte ein vakker hage bak hovudhuset på Yrimarka vike for eit tilbygg som vart teke i bruk til lager og møbelavdeling. «Møbelhuset» på Faleidetomta vart så i 1937 selt til Hundeide Ungdomslag som sette det opp att til ungdomshus. Det står der den dag i dag og er teke vel vare på.
Aukande omsetning kravde enda meir plass, og i 1960 vart møbelavdelinga flytta over i nytt murhus som vart bygd rett over gata. No var 2. generasjon komen inn i biletet, og Karl fekk ansvaret for møbelavdelinga.
Soga til firma R. Sunde kan ikkje skrivast uten å nemne den innsatsen som Dagny stod for. Berre få er forunt ein så lang arbeidsdag med god helse og stor arbeidshug. I over 65 år var ho i butikken frå morgon til kveld. Det var noko som mangla dersom ho ikkje var til stades.
Ved sida av arbeid i butikken fekk både Dagny og Rasmus tid til å vere med i ymse lagsarbeid. Song og musikk var den store interessa for Rasmus. Han var med i Eids Mandskor og med i Eids Orkester frå starten. Dagny var med i fleire kvinneforeiningar, og det må vel kunne seiast at særleg Sanitetsforeininga stod hennar hjarte nær. Nemnast må og hennar store interesse for handarbeid. Det er uråd å talfeste dei mange basardukar og teppe ho sydde, -Og det var ikkje nett smådukar.
Rasmus Sunde gjekk bort i 1963, og Dagny Sunde i 1989.
Som nemnt var no 2. generasjon komen med, og ei oppdeling var naturleg. Karl tok over møbelforretninga og kom dermed på si rette hylle. Som gutstrik såg ein han aldri utan tollekniv og ein trekjepp som han smidde på, så arbeid med trevyrke låg til han.
Klede og sko vart overteke av Fin og Ove. Seinare førte ei vidare oppdeling til at Finn stod for tekstil, medan Ove tok seg av sko.
I 1967 bygde ein så 1. etasje av Cubusbygget, og nye lokale til skobutikken sto ferdig i 1981. I 1983 tok Karl i bruk bygg til møbelforretning i Leirongane (*3) og siste del av Cubusbygget sto ferdig i 1989.
Med den utvikling i handel som det har vore i etterkrigstida, var det naturleg å søkje samarbeid med kjedar. Som sjølveigde butikkar er difor tekstilavdelinga med i Cubuskjeden, og skobutikken er med i Eurosko-kjeden.
Med god hjelp av 3. generasjon hare ein kunna glede seg over ei vidare knoppskyting. Den stammen som Dagny og Rasmus Sunde la grunnen til, har i dag utvikla fleire sjølvstendige greiner. I dag finn ein på Nordfjordeid: Cubus (*4), Tekstilutsalget (*5), Skobutikken Sunde, Karl Sunde Møbler og Utstyr, Karl Sunde a/s Fargehandel og Lagerutsalget. Dessutan har ein på Sandane: Cubus og Eurosko Sandane a/s(*6) og i Måløy: Lagerutsalget a/s
Merknader og oppdateringar:
*1 - Denne delen er no tatt i bruk av Skobutikken.
*2 - Det er pr. i dag Mona Frisør som held til i det såkalla Faleidehuset.
*3 - Det var i eine delen av dette bygget Lagerutsalget vart starta i 1986, som eit samarbeid mellom Finn og Ove. I 1994 overtok Reidun Sunde drifta av Lagerutsalget. Dei heldt til her fram til 2002, då Fargerike Sunde overtok lokala, og flytta sin fargehandel frå Eidsgata til Leirongane. Lagerutsalget flytta andre vegen inn til Eidsgata i eit nybygg som er eigd av systrene Reidun og Margrete.
*4 - Cubusforretninga som vart drive av Finn Sunde og hans to born Inger- Dorthe og Frank vart avvikla i 2016. Avdelinga på Sandane vart avvikla ca 2010.
*5 - Tekstilutsalget holdt til i tredje etasje i Cubusbygget, og vart drive av Finn Sunde.
*6 - Både Eurosko og Cubus dreiv på Sandane i mange år, men desse avdelingane er no avvikla.