100 år i bilete

HUNDRE ÅR I BILETE

Mykje har skjedd og mykje har endra seg på hundre år, både i handel og i samfunnet elles. Frå Rasmus Sunde innkasserte sine første kroner i ei gammal sigareske, til dagens avanserte datakasser. Rasmus var 26 år når han med friskt mot starta si eiga forretning. Snart kom kone, fire søner, fleire avdelingar og forgreiningar. Vi startar biletreisa vår i 1917, og vil prøve å gje eit innblikk i hundre år og tre generasjonar med handel på Nordfjordeid. God tur!

Rasmus og Dagny

Desse to var det altså som starta eventyret: Rasmus Marius Andreasson Sunde frå Olden, født 1891, og Dagny Karlsdotter Os, seinare Sunde, frå Eid, født 1899.

Familien på Sand

Dagny var einaste jente blant tre brør. Ho var ein skikkeleg pappadalt, og blant brørne vart ho spøkefullt kalla "Fluga hass far". Her er ho saman med foreldra Karl Os og Oline (f. Alsaker), og brørne sine, frå venstre: Paul, Kåre og John.

Eid Handelsforening

Dette er vel eit av dei mest ikoniske bileta frå Eidsgata, ja kanskje frå Eid generelt. Her som postkort. Det er ikkje tilfeldig at det er den unge handelsbetjenten Rasmus Sunde som står framfor utsalet til Eid Handelsforening. Her starta nemleg Rasmus si yrkesaktive karriere som 19-åring i 1910. Her tileigna han seg nyttige erfaringar for seinare å starte si eiga forretning.

Oppstart

Dei første åra leigde Rasmus lokaler hos skreddar Lars Bergsæth. Allereie i 1918 kom Dagny inn i butikkdrifta. Her ser vi ho framfor det opprinnelege Bergsethuset, ca 1918-20.

Fjordenes Blad 15. november 1917

Opningsannonse

Firmaet blei stifta 2. november 1917, og vel tre veker seinare kunne Rasmus opne dørene sine for kundane. I starten heitte det Sunde & Co a/s, og Johan Raad og bror til Rasmus, Hans Sunde, var medeigarar. 1.januar 1921 vart aksjeselskapet oppløyst og firma fortsette som R. Sunde med Rasmus som eineeigar.

Bryllup

Ein vakker sommardag i juli 1922 gifta Rasmus og Dagny seg i Eid Kyrkje. Det nydelege brudesløret til Dagny og restane etter blomekransen som heldt det på plass ligg fortsatt trygt bevart i ei gammal skoeske, no nesten 100 år etter....

Fjordenes Blad 27. juni 1922

Fjordenes Blad 8. juli 1922

Vareutvalet aukar

Med eit stadig meir rikhaldig vareutval auka trongen for meir plass, og planane om eit eige bygg byrja etter kvart å ta form.

Desse annonsene sto i Fjordenes Blad (no Fjordabladet) i løpet av 1917 og 1918.

Sundheim

I 1924 sto Sundheim klart med, etter tjuetalsstandard, rikeleg plass både for butikk i første, og bustad for familien i andre og tredje etasje. Det var John Os, bror til Dagny, som teikna huset. (biletet er tatt ca. 1940)

Nordfjordeids Auto as

Rasmus skjønte fort at bilskyss var god forretning, og starta i 1924 eit drosjefirma ved sidan av butikkdrifta. Nordfjordeids Auto as hadde to bilar tilgjengeleg , ein Westcott og ein Chevrolet. Gunnar Løken og bror til Dagny, John Os, var sjåførar. Verken Dagny eller Rasmus tok nokon gong sertifikat.

Sokneprest Løvoll var stadig på farten i drosjebil. (frå avtaleboka til Nordfjordeids Auto as)

Bottolf Ness med Chevloleten som han kjøpte etter at drosjefirmaet vart avvikla i 1930.

Promenade

Herr og Fru Sunde i korrekt mote for trettitalet, som seg hør og bør ein konfeksjonskjøpmann og hans fru. Rasmus i tidsriktig lys lindress, og Dagny i kåpe med pelskrage og ein fiks hatt med eit nydeleg slør.

På vei til festlegheitar, eller berre ein søndagspromenade?

Eidafanten på fortauskanten

Dette var då vi hadde fortauskantar i Eidsgata. Til og med så høge at minstemann Ove må dingle med beina utfor kanten! Dei ser ganske så lure ut, så det spørst om dei pønskar på noko fanteri; desse karane sette nok sitt preg på gatebildet sør i Eidsgata allereie i 1930. Men tante Antonette, syster til Rasmus, holdt nok eit vakent auge med dei. Frå venstre: Andreas, Karl og Ove.

Hagen

Bak huset hadde Dagny og Rasmus ein koseleg hage med eit lite uthus. Her hadde dei blomster og nyttevekstar, i tillegg til høner og gris for matauk, som vanleg var på desse tider . Gutane fekk også ha både hund, katt og kaniner som kjæledyr. Dette var sjølvsagt ein fin tumleplass for dei fire gutane. Her er det Ove, Finn og Karl som kosar seg i hagen ein solskinnsdag.

GUTTA BOYS

Brødrene Sunde hos fotografen på slutten av trettitalet. Frå Venstre: Andreas, født 1923 (død 1998) ; Karl, født 1924 (død 2015); Ove, født 1927 og Finn, født 1932 (død 2017)

Ut på tur...

Etter at drosjefirmaet Nordfjordeids Auto as vart avvikla, eigde aldri Rasmus og Dagny nokon bil. Her er dei på veg inn i ein av bussane til Nordfjord og Sunnmøre billag. I fremste vindauget ser vi Finn og Ove som allereie er på plass og klare for busstur.

Møbelhuset

Når møblar vart ein del av sortimentet kravde det meir lagerplass. Rasmus fekk i 1930 sette opp eit hus lenger bort i Eidsgata på ei tomt som svigerfar Karl Os var medeigar i. Denne toma vart seinare seld til Faleide som sette opp huset som står der i dag. Det er no brørne Skårhaug som eig tomta og huset. Møbelhuset vart i 1937 solgt til Hundeide Ungdomslag, som flytta det ut til Hundeide. Huset er godt vedlikehaldt og er fortsatt i bruk som grendahus.

Eidsgata 1935

Slik såg nordre delen av Eidsgata ut i 1935. I og med at Møbelhuset berre sto i Eidsgata frå 1930 til 1937 har det vore vanskeleg å finne bilete av det. Det nærmaste ein har kome er

dette flyfotoet frå 1935 der ein så vidt kan skimte hjørnet på det heilt nede til høgre.

Påbygg 1936

I 1936 vart det bygd til eit lagerbygg bak huset, og delar av hagen gjekk med. No fekk dei samla alt på ein plass og Møbelhuset lenger bort i gata blei overflødig. Dette biletet er noko nyare; frå midt på sekstitalet.

Finn og Max på taket

Om delar av hagen måtte ofrast for det nye lageret som vart bygd til i 1936, så fekk dei til gjengjeld ein stor takterrasse på det nye flate taket. Her har Finn med seg hunden sin Max opp på taket.

"Smøretur"

5. juli 1936: Reisande for Conrad Langaard Tobakkfabrikk tok med kjøpmenn frå Eid på båttur. Turen gjekk rundt Hamneset og inn til Nos. Karane nærmast kamera er Rasmus Sunde (ståande), og til høgre for han sit Faleide og Føleide. Bak i båten ser vi blant andre Karoline og Hans Aasebø.

Varesykkel

Den gamle varesykkelen frå 1936 har kome til heider og verdighet igjen, etter oppussing. Den er fullt brukbar, men blir no mest nytta til dekorasjon og blikkfang.

Familien Sunde, anno 1947

Dagny og Rasmus med alle fire sønene sine, som no var blitt staute unge menn. Frå venstre: Andreas, som var bankfunksjonær og den einaste av brørne som valde eit yrke utanom familieverksemda, så Finn, Ove og Karl som alle gjekk inn i verksemda og etter kvart overtok.

THE CRASH BAND

Musikaliteten arva Sundebrørne frå far sin, som var ivrig medlem i både Eid Orkester og Eid Mannskor. Finn spelte blant anna klarinett i The Crash Band, som var Eid sitt storband på 50-talet! Frå 1953 til 1957 var det dette orkesteret som samla flest publikum på dansetilskipingar i Eid og omegn. Dei fleste medlemane hadde sitt utspring frå Eid Orkester og Eid Musikklag. Etter kvart som karane vart utskrivne til militærteneste, eller stifta familie, vart orkesteret oppløyst på slutten av 50-talet.

Bak frå venstre: Odd Rønnestad, Jetmund Englund og Kjell Kroken. Framme frå venstre: Ivar Gjerde, Lidvard Bergset og Finn Sunde.

Familien veks

Her sit Dagny og Rasmus med sin stadig veksande familie rundt seg. Året er 1959, og høvet er Lisbet sin dåp. Frå venstre bak står Andreas med kona Aasta, som har Rolf på fanget. Så Finn med kona Annbjørg, som har Frank på fanget. Så Ove med kona Eli, som held dåpsbarnet Lisbet. Så Karl og kona Hilda med vesle Helge på fanget. Ved stolen til Rasmus står Atle, eldste son til Andreas og Aasta. Framme på golvet sit, frå venstre: Dagny, som er eldste dotter til Andreas og Aasta; Margrete og Jenny, som er døtre av Ove og Eli; og Ruth, som er dotter av Karl og Hilda. Kjell (Karl), Inger-Dorthe (Finn) og Reidun (Ove) kom til seinare.

Servering i Hagen

Her er det dekka langbord i hagen. Biletet er tatt mot sør, og det er Yris Hotell vi ser i bakgrunnen. Høvet er oppsettinga av Karl sitt hus Dagtun, nedom veien, i 1960. Rasmus sit ved enden med ryggen til. Mannen med bukseselar er muligens Magnus Skaugseth. Elles ser vi blant andre Ivar Hunvik og Olav Rindal på venstre sida av bordet, og på høgre sida Anders Samuels, Kaare Os, Tore Nord, Olav Johan Skaugseth og nederst Inge Nord. Det var Ivar Nord som var byggmeister. Kanskje seier Dagny: "send meg det fatet så skal eg gå og fylle på" . Ingen gjekk svoltne frå matbordet til Dagny!

Rasmus og Dagny ca 1960

Rasmus fekk Parkinson og måtte gradvis trekkje seg ut av den praktiske drifta. Men om veret tillot det, likte han godt å sitte på stolen sin på fortauet og følgje med på liv og røre i Eidsgata. Rasmus døde i 1963.

Nedom veien-oppom veien

I 1960 bygde Karl huset "nedom veien", som vi brukar å seie. Møbelavdelinga vart flytta hit og Karl fekk ansvaret for den. Sidan har møbelavdelinga flytta vidare til nybygg i Leirongane. Forretningslokala i Eidsgata er no leigd ut til Interoptik. Huset var stort og romma også husvære for Karl og familien, i tillegg til utleigeeiningar. Det er no Ruth Sunde som eig, og bur i huset.

Sundehjørnet tidleg på sekstitalet

Slik såg det ut på Sundehjørnet før dei store almane vart tatt ned for å gje plass til eit nybygg ved sidan av gamlehuset. Det var eit omfattande arbeid å ta ned desse enorme trea, ikkje minst var røtene stride å fjerne. Nybygget sto ferdig i 1967, og har sidan blitt bygd på i høgda

50 år og ny logo

I 1967 kunne firma R.Sunde feire 50 år. Rasmus var borte, men Dagny og sønene sto på vidare. I samband med 50-årsjubileet fekk dei laga ein ny logo og firmaprofil av ein designer i Bergen som heitte Frank Gullaksen.

Dagny!

Dette er Dagny i kjent stil. Med knute i nakken og blått forkle. Ho var ein bauta i handelsfamilien Sunde, og ein kan trygt seie at butikken både var hennar livsverk og hennar lidenskap. Mange av kundane synes ikkje handelen var det samme utan ein prat med Dagny attepå. Dagny var først på pletten når butikken opna, og sistemann til å gå for dagen. Når nokon spurte ho kor tid ho skulle slutte i butikken, svarte ho: klokka fem. Ho var i butikken til ho var langt over åtti år. I tillegg til handelen var ho opptatt av at "gutane" måtte få kaffi. Ho slutta aldri å kalle sønene sine "gutane" . Dagny gjekk bort i november 1989, nær 91 år gammal.

Utleige av dåpskjolar

Dagny dreiv i ei årrekke utleige av dåpskjolar. Dei første avtalane i boka var i 1962, men om der har vore ei bok før den tid er uvisst. Ho vaska, strauk og stelde desse kjolane mellom utleigene, og utleigeprisen var nærmast symbolsk. Grethe Jakobsen (Håvik) leigde kjole til eldstemann Kim i 1980. Til den nette sum av kr. 20,- !

Første stresslessen

Når Ekornes lanserte stresslessen for første gong i 1971, var det Karl Sunde som solgte den aller første! Dette bildet er frå 2005, då Karl var på besøk hos konsernsjef Jens Petter Ekornes, som han også var god ven med.

Telemarknedslag i skobutikken

1994: Ove demonstrerar telemarknedslag i Skobutikken med ein Cherrox i handa, i samband med ein konkurranse skoleverandøren Falkanger arrangerte om beste OL-pynta butikk. Wirkolalua er ikkje tilfeldig, i og med at Bjørn Wirkola jobba som selgar for Viking som forhandla Cherrox.

Cubus

Kleavdelinga, som etter ei oppdeling var driven av Finn, gjekk inn i Cubuskjeda på 80-talet. Saman med dottera Inger-Dorthe og sonen Frank dreiv dei ei velassortert og god Cubusforretning fram til avvikling i 2016. Finn dreiv også ein periode Tekstilutsalget som låg i tredje etasje i Cubusbygget.

Cubusbygget

Byggetrinn nummer ein på dette bygget kom allerede i 1967. Det var ein mursteinsbygning med flatt tak. I 1989 bygde Finn på to etasjar. Det vart eit reint forretningsbygg med butikk i tre etasjar.

Dei tre bukkane bruse!

Desse tre Sundegutane kan ein aldri skryte nok av! Desse karane har lagt ned ein enorm innsats i å bygge vidare på grunnlaget frå foreldra sine, og har stått på langt utover opningstidene i alle år! No har dei gjett stafettpinnen vidare til tredje generasjon. Dette biletet av Karl, Ove og Finn er frå 1997. Karl gjekk bort i 2015 og Finn i 2017.

Sunde Møbel, anno 2017

I 1983 sto eit større forretningsbygg klart i Leirongane, og møbelavdelinga til Karl Sunde vart flytta hit. Møbelforretninga er no overtatt av Karl sin yngste son Kjell Sunde. Forretninga ligg vegg i vegg med Fargerike Sunde, som eldste son til Karl, Helge Sunde, no driv.

Fargerike Sunde, anno 2017

Helge Sunde er innehavar av denne forretninga, som fram til 2002 hadde adresse i Eidsgata, eller "nedom-veien". I 2002 vart forretninga flytta til Leirongane.

Lagerutsalget A/S, Måløy, anno 2017

 

Eine dottera til Ove busette seg i Måløy, og starta si eiga forretning der i 1987. Lisbet Sunde Eltvik feirar soleis 30 år med eiga forretning i år. Ho eig sjølv forretningsbygget i Gate 1, og har nyleg bygd på dette både i grunnplan og i høgda.

Lagerutsalget, Eid, anno 2017

Vert drive av Reidun, yngste dotter til Ove. Det starta i Leirongane i 1986, men har sidan 2002 holdt til i Eidsgata, i eit forretningsbygg som Reidun eig saman med systra Margrete.

Eurosko, Skobutikken Sunde, anno 2017

Skobutikken held fortsatt til i "gamlehuset", og vert driven av Ove si dotter Margrete. Det gamle lageret frå 1936 måtte vike for eit større og meir moderne nybygg i 1981. Butikken strekkjer seg no gjennom heile bygningsmassen, og har inngang både frå rutebilstasjonen og frå Eidsgata.

Vi snakkast!

Takk for følgjet gjennom hundre år! Vi ønskjer alle hjartleg velkomne til å bli med oss vidare inn i framtida med god handel og personleg service i alle våre butikkar. Beste helsing, frå venstre: Kjell på Sunde Møbel, Margrete på Skobutikken Sunde, Reidun på Lagerutsalget (Eid), Lisbet på Lagerutsalget (Måløy) og Helge på Fargerike Sunde.

100 års erfaring med handel