Aktuelt

Jubileumsaktivitetar

Firma R. Sunde vart stifta i november, så no i haust skal vi klemme til for fullt. Denne sida vil vi bruke til å legge ut nyhende og aktuelt stoff om jubileet, og butikkane sine aktivitetar rundt dette. Så her er det berre å henge med, og sjå kva som dukkar opp.

Jubileumskonkurranse!

Heldige vinnarar:

GRATULERER! Rett svar var 29423,-. Kjell Magne Bøe var aller nærmast med 29200,-, altså berre 223 kroner frå! Han hadde levert vinnersvaret på Eurosko - Skobutikken Sunde og vinn eit gåvekort på 500,- derifrå. Dei som var nærmast på dei andre butikkane var:

*Rolf Morten Skrede, gåvekort 500,- på Karl Sunde Møbler & Utstyr As

*Mats Brunsvik, gåvekort 500,- på Lagerutsalget As, Måløy

*Vibecke Engeland Løkling, gåvekort 500,- på Lagerutsalget, Eid

*Unni Hermansen Torheim, gåvekort 500,- på Fargerike Sunde.

Gratulerer til vinnarane og tusen takk til alle som deltok!

Jubileumskonkurranse!

Fem gåvekort a 500,- i premiar. Svar seinast 2. november.

Etter sju år i leigde lokaler flytta bestemor og bestefar med familie og butikk inn i nybygd hus i Eidsgata 2. Dette var i 1924. (påbygget bak huset kom i -36, så det tel ikkje). Spørsmålet er:

Kor mykje kosta huset totalt, inkludert tomt?

Du kan svare ein gong på kvar butikk, enten i butikklokala eller på butikkane sine facebooksider, der konkurransen også er lagt ut. Linkar til Facebooksidene våre finn du på framsida. Er same deltakar nærmast på to eller fleire butikkar, går vi til nestemann. Altså har kvar deltakar fem sjangsar, men kan vinne berre eit gåvekort. Du må svare innan midnatt torsdag 2.november. Vinnarane blir kunngjort her, og på butikkane sine facebooksider. Lykke til!

Blomar og helsing frå ordførar Alfred Bjørlo

Vi deler med glede dei fine orda til ordføraren:

"For 100 år sidan - i november 1917 - starta ein driftig kar frå Olden, Rasmus Sunde, butikk i Eidsgata på Nordfjordeid saman med kona Dagny. Firmaet R. Sunde var i gang.

Dei neste 20 åra bygde Rasmus og Dagny to store forretningsbygg og stifta familie. Tre av gutane deira - Karl, Ove og Finn - tok opp arven etter foreldra. Dei tok på 1940-talet tak i kvar sin bransje og skapte framifrå butikkar innanfor møbel, kle og sko. Samtidig var foreldra med så lenge dei levde (Dagny levde heilt til ca 1990).

I dag er det 3. generasjon Sunde som har teke over: Fem av borneborna til Rasmus og Dagny driv pr 2017 kvar sin butikk på Nordfjordeid og i Måløy: Fargerike Sunde, Karl Sunde Møbler & Utstyr As, Eurosko - Skobutikken Sunde, Lagerutsalget på Eid og Lagerutsalget As i Måløy.

I dag hadde eg gleda av å besøke einaste gjenlevande av brørne i 2. generasjon Sunde, 90 år gamle Ove, i Skobutikken som han har hatt som sitt livsverk. For å gratulere Firmaet R. Sunde med 100-årsdagen, og gjere stas på ein familie som har vore med å byggje Eid og drive utviklinga framover i 100 år.

Ove er ein sprudlande 90-åring med skarpt hovud og ei utømeleg kjelde av historie og anekdoter - som i sin alderdom stolt kan sjå born, nevøar og nieser ta opp arven.

Dei neste 2-3 vekene skal familien Sunde feire 100-årsjubilleet i alle butikkane sine. Eg er så fri å oppmode alle om å besøke dei, og nytte høvet til å gjere ein god handel hos ein familie som skapar både verdiar og glede rundt seg!

Gratulerer med dagen til heile familien!"

Ordførar Alfred Bjørlo og Ove Sunde.

Jubileumsannonse 17. oktober 2017:

Eurosko - Skobutikken Sunde

Jubileumsannonse 17. oktober 2017:

Lagerutsalget, Eid

Jubileumsannonse 17.oktober 2017:

Fargerike Sunde

Jubileumsannonse 17. oktober 2017:

Karl Sunde Møbler og Utstyr a/s

Eidamessa sept. 2017:

Heldige vinnarar:

GRATULERER! Rett svar var 28,49. Lene Smørdal var aller nærmast med 28 kroner og 40 øre, altså berre 9 øre frå! Ho hadde levert vinnersvaret på Fargerike Sunde, og vinn eit gåvekort på 500,- derifrå. Dei som var nærmast på dei andre butikkane var:

* Inger-Lise Strand, gåvekort 500,- på Karl Sunde Møbler & Utstyr As

* Lene Jensen Langø, gåvekort 500,- på Lagerutsalget As, Måløy

* Mariann Midthjell, gåvekort 500,- på Lagerutsalget, Eid

* Liv Aase Antonsen, gåvekort 500,- på Eurosko - Skobutikken Sunde

Gratulerer til vinnarane og tusen takk til alle som deltok! :D

Eidamessa sept. 2017:

KONKURRANSE!

Fem gåvekort à kr. 500,- i premiar

Når bestefar Rasmus Sunde starta butikken sin i 1917 var det denne sigareska han brukte til kassaapparat. Sigareska blei etterkvart erstatta med stadig nyare og meir avanserte kasser, men sigareska har vi tatt vare på. No har vi fylt den med gamle pengar, som ikkje lenger er i sirkulasjon. Spørsmålet er:

Kor mange kroner og øre er det i sigareska til Bestefar?

Du kan svare ein gong på kvar butikk, enten i butikklokala eller på butikkane sine facebooksider, der konkurransen også er lagt ut. Linkar til Facebooksidene våre finn du på framsida. Er same deltakar nærmast på to eller fleire butikkar, går vi til nestemann. Altså har kvar deltakar fem sjangsar, men kan vinne berre eit gåvekort. Du må svare innan midnatt laurdag 16.september. Vinnarane blir kunngjort her, og på butikkane sine facebooksider. Sett i gang og tell! Husk at her er det både ett-, to-, fem-, ti- og tjuefemøringar i tillegg til valørane vi har i dag. Lykke til!

Eidamesse, september 2017

Lagerutsalget og Skobutikken Sunde - Eurosko.

Eidamesse, september 2017:

Sunde Møbler og utstyr og Fargerike Sunde

Juli 2017:

Slagerutsalget vinyl- og retrosalong

Laurdag 8. juli i jubileumsåret opna Reidun det ho sjølv kallar fornøyelsesparken sin. Slagerutsalget er rett og slett ei stove inne i Reidun sin butikk Lagerutsalget, som ho har innreia i gjennomført retrostil. Det meste av innventaret er til salgs, men hovudpoenget er likevel vinylplater. Her inne har ho gamle meierikasser fulle av brukte vinylplater som er til salgs. Ho poengterar at ringen er på ein måte slutta i og med at bestefar Rasmus også selde plater på butikken sin; såkalla "steinkaker" for dei som hugsar desse.

Mykje folk og topp stemning ved opninga av Slagerutsalget. Snorklipparteamet besto av ein legendarisk trio med bakgrunn i rockemiljøet på Eid: Rune Standal frå Svelekameratane, musikar og poet Odd-Erik Lothe og Tonny Sørland frå Eid Rock Klubb.

I retrosalongen hos Reidun kan du nyte ein kopp kaffi mens du blar i plater, høyrer musikk, mimrar, les gamle Romantikk-blad eller berre slappar av i det tidsriktige interiøret. Slagerutsalget vinyl- og retrosalong har eiga facebookside. Den finn du her:

Juni 2017:

Sommarmagasinet Handel i Eid

Klikk på bildet så kjem du inn på vår omtale :)

100 års erfaring med handel